No er det veldig lenge sidan eg har blogga, eller har hatt lyst til å blogga, og eg har komme til konklusjonen at eg ikkje har tid til, eller glede av å blogga lenger, så derfor vert dette mitt siste innlegg. Om du har lest bloggen min og er interessert i raw food, super mat og kosthald generellt, er det utruleg mange bra bloggar der ute. Her er nokre av dei eg anbefalar:
- Super Ida
- Silje reiser
- Hjerte mat
- Kjernesunn Nordkvinne
- Mat uten melk, gluten og sukker
og mange fleir.
Eg kjem ikkje til å slette bloggen sidan eg har mange oppskrifter her som eg ikkje har nedskreve andre plassar;) Så så lenge eg ikkje somlar meg til å skive dei av kjem bloggen til å legge her til din disposisjon, og kven veit, kanskje blogg -anden kjem over meg igjen.
Det var kjekt så lenge det varte:)
Ynskjer deg ein heidundrande fredag:)
-Silje
Friday, August 26, 2011
Wednesday, August 10, 2011
grove, herlege rundstykker:)
Denne oppskrifta fann eg hjå kjernesunn nordkvinne, men eg kunne ikkje la vere å tukle litt med den, så den vart litt min:) Desse rundstykkene vart seriøst gode! Kjempe lett å lage, ingen freaky ingrediensar, og kan med god samvittigheit konsumerast i store kvanta:) Mykje feitt, protein og fiber gjer desse til eit kjempe godt alternativ til vanleg brød.
Ingrediensar til ca 12 små rundstykker:
Ingrediensar til ca 12 små rundstykker:
- 4 egg
- 1 ss fiberhusk
- 3 ss linfrø
- 2 ss sesamfrø
- 2 - 3 ss solsikkefrø
- 6- 7 ss mandelmjøl
- 2 ts bakepulver
- ei klype himalaya salt
Bland alle ingrediensane, og fordel i former eller på brett, ca 1 stor ss pr rundstykke. Set i omnen på 180 grader i ca 15 min. Avkjøl, og nyt:)
Wednesday, August 3, 2011
Krydderkake som får meg til å smila:)
Så har eg fått skrapa saman nok motivasjon til å byrje å blogge igjen. Det er litt godt også, å gjere det som er vanleg når ting har våre så uvanleg så lenge.
På biletet ser de resultatet etter ein av mine oppfinnelsar på kjøkkenet- sunn, enkel og gooood krydderkake! Den er laga av nøter og egg som base, og honning som søtning, men her er det rom for variasjon. Yacon, agave og dadlar passar nok også fint, og på nøtte fronten, passar nok alt:) Her er det berre å prøve seg fram. Men her er sånn ca mi oppskrift ( Eg gløymte å skrive det ned etter som eg laga, så no må eg grava djupt i hukommelsen;)
- 350- 400 g nøtter og frø ( paranøtter, mandlar, cashewnøtter, knuste linfrø, sesamfrø nytta eg, men kan absolutt varierast)
- 6 egg
- 2 ts fiberhusk utblanda i vatn ( ca 2dl)
- 2 ts bakepulver
- 2 gode ss honning
- rosiner og gojibær etter begjær:)
- 1-2 ts kanel
- 1 ts chili pulver
- 1 ts ingefær
- 1 ts kardemomme
Gje nøttene ein omgang i foodprosessor, blad alt saman, og hell det utover ei lita langpanne med bakepapir. Steik på 180 g i ca 20-25 min. Det er lurt å teste om den er klar etter 20 min med strikkepinne metoden:)
Så er det berre å nyte. Passar fantastisk godt saman med vanilje is, og kanskje sjokolade glasur hadde gjort susen? Kva trur du?
Ynskjer alle ein strålande og velsmakande dag:)
Etiketter:
glutenfri,
kaker,
mjølkefri,
oppskrifter/ recipes,
sukkerfri
Monday, July 25, 2011
.
Det kjennest heilt meiningslaust å skulle blogge om rå mat og helse for tida. Eg finn ingen motivasjon eller noko som liknar lyst til å blogge. Difor veit eg ikkje kor tid neste innlegg kjem, om det nokon gong kjem. Ynskjer alle gode dagar i alt det vonde. Ta vare på kvarandre.
Wednesday, July 20, 2011
Rå Bursdags kake og det som høyrer til
| Veldig kremete men veldig, veldig god:) |
| Det vart sjokolade muffins med sjokolade glasur på jobben den dagen:) Her finn du oppskrifta |
| Nam nam:) sjokolade høyrer med på bursdagskveld med jenter. Her er oppskrifta |
| Dagen vart feira med dette godis bordet:) Poppkorn, sjokolade, muffins og jordbærkake:) Ikkje feil;) |
| Og for å toppa heile driden- Mansfield park av Jane Austen på TVn:D |
Ei veke etter bursdagen min har eg endeleg motivasjon og tid til å legge ut innlegg om dei siste utforskingane på kjøkkenet. Det har våre mange, så fleire innlegg kjem. Her får de bursdagskaka mi:)
Inspirert av kaker lagt ut på mjuugly og deercountry sine bloggar, vart det jordbær krem kake til bursdagen min:) Eg laga to, til to forskjellige selskap, der den eine vart litt for mjuk ( for lite tid i frysen) og den andre vart for hard ( for lang tid i frysen:P), men smaken var fantastisk eg det er med glede eg tenker på restane som befinn seg i frysen. Her og her finn de utgangspunkta, og her kjem mi oppskrift:
Bodtn:
- 6 store dadlar
- 4 dl mandlar
- 1 ss kokosolje
- 2 ss yaconsirup
- 3 dråpar stevia vanilla cream
- klype salt
Mos alt i ein foodprosessor til massen blir fast og ikkje for klissete. Trykk massen utover ei form - eg brukte 24 cm i diameter stor form.
| Kake nr to, til familieselskapet, som etter litt tining vart nydeleg:) |
- 4, 5 dl jordbær
- 4 dl cashewnøtter
- 2/3 dl sitronsaft
- 1 dl kokosolje
- 3 ss yaconsirup
- 4 dråpar stevia vanilla cream
Cashewnøttene bør leggast i blaut, og dette er min metode; knus cashewnøttene til mjøl før du legg dei i bløyt, på den måten vert massen akkurat som kremost, og det vert ikkje klumpete:)
Mos alle ingrediensane i foodprosessor, og hell massen over botnen, og set heile herlegheiten i frysen i minst 2-3 timar.
Ta kaka opp ca 45 min før servering, og pynt etter hjertens lyst:)
Sjokolade kremen på den eine kaka laga eg av:
- Kokosmjølk ca 2 dl
- 3 ss kokosolje
- 2 ss palmesukker
- 2 ss sukrin
- 2 ss bjørkesøt
- 5 ss rått kakao pulver
- Nokre dråpar stevia vanilla cream og english toffee:)
Berre å sette i gong å baka folkens;)
Monday, July 18, 2011
Superlivsstil give away!!
Thursday, July 14, 2011
Ein rå bursdag:D
No har klokka slege det siste bursdags slaget for min del, og eg har hatt det fantastisk. Sol, good mat, vener og latter; alt ein kan ynskje seg:) Det har våre og kjem til å vera travle dagar, noko som tyder lenger mellom innlegga mine, så her er berre eit lite livsteikn med rapport frå dagens fyrste bursdags måltid- Sjokolade krem til frukost!!
Eg blanda saman
Eg blanda saman
- 1 Banan
- 1/2 avokado
- 2 ss rått kakao pulver
- 1 ss yacon sirup
- 1 ss mesquite pulver
- 1 ts lecithin pulver
- nokre dråpar stevia English toffee og vanilla cream
til ein herleg, sunn og rå sjokolade frukost- dei rundt med synest eg gjekk litt over kanten sjølv om det var bursdag, men kvifor ikkje- alle ingrediensane brukar eg dagleg uansett, er kjernesunne, rå og næringsrike og dei smakar godt- kva er gale med sjokolade frukost då? INGENTING:D
| På toppen hamna litt goji bær og kakao nibs:) mmm.. |
Den perfekte start på ein strålande dag:)
Resten av dagen vart akkompagnert med sjokolade muffins, heimelaga snop, rå jordbær kake og popkorn- meir om det seinare:) Heng med, heng med;)
Etiketter:
dessert,
frukost,
glutenfri,
mjølkefri,
oppskrifter/ recipes,
Raw food,
sjokolade,
sukkerfri
Sunday, July 10, 2011
My raw candy land
Av og til vert eg nesten glad når det er regn utanfor døra, for då kan eg putle på på kjøkkenet så mykje eg vil:) Her er resultatet etter ein ordentleg chocolate factory dag:) Alle oppskriftene er inspirert eller direkte henta frå siljesreise.com. Dama kan sin sjokolade- det er sikkert- absolutt ein blogg verdt å besøke:) Spesiellt snikkers barane hennar er HEILT fantastiske. Eg har gjort min vri på oppskriftene så dei passar meg betre- kanskje deg også?
Snikkers kuler- a la siljereise
Godis kuler - inspirert av siljereiser
Kulene er rulla i:
Sjokolade med karamell fyll
Sjokoladen:
Karamell blanding:
Snikkers kuler- a la siljereise
- 1,5 dl peanøtter
- 3 dadlar
- 2 ss bygg flak
- 2 ss yacon sirup
- 1 ss yacon pulver
- 1 ss mesquite pulver
- 1 ts rå kakao
- 4 dråpar stevia vanilla cream
- klype himalaya salt ( berre om du brukar usalta peanøtter)
- 10 g smelta kakao masse
- ca 50 g kakao masse
- 2 ss kokosolje
- ca 4 ss rå kakao
- 2 ss carob pulver
- 3 ss lucuma
- 1 ss yacon sirup
- 1 ss yacon pulver
- 1 ts lecithin
- 3 dråpar vanilla cream stevia
Smelt kakao masse og kokosolje i vannbad, så temperaturen ikkje stig over 40 grader, Tilsett resten av ingrediensane. Dypp snikkers kulene i sjokolade og set kaldt til dei skal etast
Godis kuler - inspirert av siljereiser
- 2,5 dl nøtter eller frø ( eg brukte ei balnding av cashewnøtter, paranøtter, hemp frø, og mandlar og sesamfrø)
- 2-3 ss byggflak ( eller havregryn om du tåler det)
- 6 dadlar
- 2 ss rått kakao pulver
- 1 ss kokos olje
- smakar veldig godt med ein liten neve goji bær/ rosiner eller anna tørka frukt/ bær:)
Kulene er rulla i:
- 1 ss rått kakao pulver
- 1 ss lucuma
- 1 ss yaconpulver
- hamp frø
- himalaya salt
Sjokolade med karamell fyll
Sjokoladen:
- ca 50 g kakao masse
- 2 ss kokosolje
- ca 4 ss rå kakao
- 2 ss carob pulver
- 3 ss lucuma
- 1 ss yacon sirup
- 1 ss yacon pulver
- 1 ts lecithin
- 3 dråpar vanilla cream stevia
- eller smak deg fram til du er fornøgd:)
Framgangsmåte- sjå snikkerskule sjokoladen. Når sjokoladen er klar hell litt i formene du skal bruka og vend så sjokoladen dannar eit lag i heile forma. Set i frysen i nokre minutt, gjennta prosedyren fleire gongar heilt til "veggen" på formene har eit solid lag med sjokolade. Legg så ca eit ts av karamell bandinga i forma og legg til slutt eit lok av sjokolade på toppen. Set i frysar / kjøleskåp og lat stå til den skal etast :)
Karamell blanding:
- 5 ss kokos olje
- 2 ss yaconsirup
- 1 ss yacon pulver
- 1 ss lucuma
- 2- 4 dråpar vanilla cream stevia
Då er det vel berre å invitere masse folk på godis fest, eller endå betre- et alle sjølv:D
Saturday, July 9, 2011
Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko
| Herleg rå wrap med blomkål i BBQ saus og hjertesalat inni:) |
Oppskrifta er originalt frå Ani Phyo so dessert bok, men då som muffins- så her gir eg oppskrifta nytt liv som wrap og gjer den til mi eiga:)
![]() |
| nammm:) |
- 2, 5 cups gulrot pulp (Kjøtet som vert att etter juicing, du treng ca 700 g gulrot)
- 1 cup mandel mjøl
- 1,5 ts kanel
- 1 ts kardemomme
- 1 cup dadlar
- 1 cup kokos ( eg brukte tørka, men eg trur fersk funkar betre)
Framgangsmåte:
Bland alle ingrediensane for hand, bortsett frå dadlane som treng ein omgang i ein miksar til dei er blitt ein fin krem. Tilsett dadel kremen til resten av ingrediensane og bland godt til ein fast og fin deig. Set deigen i kjøleskåp i ca 1 time.
No skal deigen vera fast nok til å kjevle ut, er den ikkje det, berre tilsett litt meir mandel mjøl.
Kjevle deigen utover to - tre steikebrett og tørk i omnen på ca 40-50 grader i ca 12 - 13 timar. Om du har dehydrator er sjølvsagt det det beste:)
Vel bekomme:)
| At det ser godt ut er ikkje ein garanti for at det er godt..diverre:( |
Etiketter:
glutenfri,
lunsj,
middag,
oppskrifter/ recipes,
Raw food
Thursday, July 7, 2011
Endeleg noko som funka- Rå blomkål middag:)
No har det våre stilt frå min kant ei stund- grunn; masse mislukka prosjekt. Eg har prøvd meg på sjokolade muffins, gulrot kake/ muffins, salatar og isar, men alle enda opp med ei sur Silje og meir mat i avfallsdunken. Men i dag prøvde eg meg på ei oppskrift eg vagt hugsa frå mjuugly sin blogg- blomkål i BBQ saus som funka!! Eg hadde ikkje internett då eg laga det, så det vart min eigen vri på oppskrifta, men her finn du originalen.
Eg brukte (til to store porsjonar):
- ca 5 soltørka tomater
- 2 dadlar
- 2- 3 kvitlauks fedd
- ca 2 dl vatn
- 1-2 ss extra virgin oliven olje
- 1 klype himalaya salt
- litt chili krydder
- 1 blomkål hovud
- nokre salat blad
Eg sette tomatene og dadlane i vatn i ca 1 time, før eg mosa dei saman med vatnet i ein miksar. Så tilsette eg resten og blanda godt. Sausen blanda eg med opphakka blomkål og sette blandinga i kjøleskåpet i ca 2 timar.
Eg brukte salat blad som wrap, men smakar sikkert kjempe godt med grove tortilla wraps om du ikkje er allergisk mot gluten:)
Blomkålen var herleg sprø og smaken fantastisk!! I tillegg er oppskrifta rå, så alle matvarene inneheld sine opprinnelege enzym og næringsstoff som gir masse energi og ein nøgd mage:)
Subscribe to:
Posts (Atom)


